Morgonen dagen derpå, er alltid best.
I går var nyttårs-kvelden. Med fantastisk kalkun. Med alt tilbehøret. Med god vin og alt som høyrer med. Og gildt lag. Og rakettane mot vindfull himmel. Utsyn over heile Jæren.
Men morgonen etter er likevel best. Tidleg, berre etter få timars svevn. Sova kan ein gjere i alderdom.
I dag, første dagen i 2011 skin sola lågt på himmelen i framleis vindfull Jærlandskap. Og kuldegradene er vekk.
Alle andre søv. Eg sit på den faste, den einaste rette, plassen ved kjøkkenbordet og drikk morgonkaffien i freden og roen.
Det er varme fra vedomnen. Sola skin tvers gjennom huset. Stearinlyset brenn, heilt unødvendig, men det brenn likevel. Har sin eigen ro.
Slike morgonar er alltid best.
No comments:
Post a Comment