Jula er overdreven.
Men ikkje førjulstida. Eg er mest glad i den. Då kan eg bake småkaker med godt samvit.Då skal det lukte kaker i fleire veker. Og leverpostei. Og Sylte. Då kan eg finne fram dei mange rare gavane eg har kjøpt i løpet av året, som ligg gøymt rundt omkring i klesskapet, mellom teskjorter og underbukser. Ikkje sjeldan gløymer eg kor eg la desse tidleg innkjøpte presangane eller at eg i det heile har kjøpt dei, og så får mottakaren likegodt to presangar det året.
Jau, førjulstida, det er noko anna det. Når jula endeleg er der, er den mest forbi før den har fått begynt. Og så er det jammen ikkje så lett å finne ut av kven som skal vere kor denne korte julekvelden. Og julemiddagen går så altfor fort.
Men det gjer ikkje førjulstida.
I går fekk eg med hjelp av Kirsten kjøpt inn resten av gavane. Utan stress og mas.Bare kos. Natta gjekk med til innpakking. Med julemusikk i bakgrunnen, sjølvsagt.I dag var det kosen med støvsugar og grønnsåpe. Du så godt det lukter her nå. Men eg har ikkje vaska taken og krokane og gardane. Og veit du kva, jula kjem likegodt den for det! Så kva no? No er det bare å nyte freden og drikke kaffi og småkaker og leverpostei.
Og ein flott tur på stranda etter førjulsvasken var det og plass til. Sanden var hard og frosen og lett å gå på. Det beit i kjakane, men kva gjer vel det? Og der kom ungjenta på hesteryggen på treningstur langs havet. Men plutseleg vart ho kasta av i full galopp. Der låg ho i sanden medan hesten forsvant i horisonten. Vonar det gjekk bra med begge to. Det heile såg litt dramatisk ut ei stund.
Ha ei fortsatt fin førjulstid.
No comments:
Post a Comment