Friday, October 8, 2010
Haust på Jæren
I dag er det fantastisk haustver på Jæren. 16-17 grader og heilt klart. Men ikkje så mange haustfargar som eg hadde venta. Eg drog frå Oslo til Gjøvik i går, med tog, og buss, og der hadde alt den første frostnatta gjort naturen til eit unikt haustskue. Dei gule lauvtrea lyste opp og laga ein fargemosaikk av dei sjeldne. Her på Jæren er det framleis ganske grønt overlat. Og når gulfargen kjem, så er nok hauststormen der ganske snart og gjer sitt til at bakken i alle fall vert fargerik.
Subscribe to:
Comments (Atom)